Elling Vanberg

Forfatter & Poet

Elling Vanberg ville i år fyllt 80 år. Kona Anne Margrete og dottera Sigrid Kristin nyttar høvet til å markere dette med ei forestilling i Stryn Kulturhus. Denne kvelden har dei invitert med seg vener av Elling, som alle har gjort sine utval av dikt og viser spesielt for denne kvelden - og saman vil dei ta publikum med på ei litt annleis reise gjennom Elling sitt forfattarskap. Denne kvelden hentar dei Elling heim til garden, bygda og menneska der, og publikum møter hans forfattarskap gjennom personar som kvar på sin måte var ein del av det medan Elling levde.

 

Etter forestillinga er alle inviterte til sosial samkome i foajeen i Stryn Kulturhus. Her vil det vere høve til å prate, synge eller lese dikt om ein vil. Samkoma vil bli uhøgtidleg leia av Fridtjov Urdal.

Forestilling i november

Elling Vanberg​

Elling Vanberg, forfattar, bonde og Thoreau-inspirert samfunnsrefsar frå Olden i Nordfjord.

Elling Vanberg var fødd 4. september 1939 og døydde 31. desember 1993. Gjennom dikt, korttekstar og innlegg i lokalavisene var han godt kjend i Sogn og Fjordane som «Ellivan». Eit utval av tekstane hans kom i bokform etter han var død: Dei lækjande urteorda (1994), Songen om dei store slettene (1995) og Grunnsteinar (1998), alle tre redigerte og med etterord av Ove Eide.

 

I ungdomen gjekk Vanberg i lære hos den hollandske biletkunstnaren Dooijeward på Singerheimen i Olden i tre somrar (1951–53). Medan han avtente militærtenesta i Trondheim i siste halvdel av 1950-åra, tok han realskuleeksamen og byrja å ta flytimar. Men på grunn av ein kneskade måtte han legge til sides ein gamal draum om å verte flygar. Etter Trondheim vart det gymnas og realartium på eitt år i Oslo. Seinare gjekk han eitt år på kunst- og handverksskule i Oslo.

 

Elling Vanberg var ein bruksdiktar, med tekstar sterkt røtte i lokale tradisjonar og i det landskapet han hadde rundt seg. Nokre av dikta er skrivne på nokså rein Olden-dialekt, men i tema og motiv er det ikkje lokale grenser rundt dikta og korttekstane hans. Vanberg var oppteken av dei grunnvilkåra vi lever under, ikkje minst den viktige og vanskelege kommunikasjonen mellom menneske. Men han skreiv òg samfunnskritisk, med skarp brodd mot materialisme og underhaldningssykje. Ein sentral inspirator for både tenking og skriving var den amerikanske diktarfilosofen Henry David Thoreau og hans tankar om forholdet mellom natur og sivilisasjon.

 

Humoristen Vanberg ser vi best i dei mange folkelivsskildringane på vers, med råkande personkarakteristikkar og målande situasjonsbilete.

 

I 2009 kom eit utval av Vanbergs dikt på plate, tonesette og framførte av Arve Henriksen: Ellivan. På plata les Vanberg sine eigne dikt, etter opptak gjorde av NRK Sogn og Fjordane. Elles medverkar Terje Isungset, Karl Seglem, Anna Maria Friman og Jan Bang.

 

Kjelder

Ove Eide: «Etterord», i Elling Vanberg: Dei lækjande urteorda. Naustdal 1994

Ove Eide: «'Eg driv med deg eg trur på og trur på det umogelege'. Elling Vanberg (1937–1993)», Jul i Nordfjord 2007

 

Peikarar

 

 

Først publisert: 13.09.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013

Teksten er henta fra allkunne@allkunne.no